Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marihøna

Praktisk-estetiske aktivitetar i barnehage og
skule/SFO har mange former og inngår i fleire ulike emne og fagområde. Praktiske-estetiske aktivitetar kan opne for eit mangfald av kunst- og kulturmøte og bidreg til å utvikle undring, nysgjerrigheit og kritisk tenking.
Bilete av prosessen med å lage marihøner av papptallerkenar. Barn målar tallerkenane raude, klistrar på svarte prikkar, svart papp som hovud og set på auge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ta utgangspunkt i bileta av prosessen med å lage marihøna, og finn ut kva som er riktig rekkjefølgje.

  1. Lag ei skildring av korleis du skal gå fram for å lage ei slik marihøne.

  2. Planlegg denne praktisk-estetiske aktiviteten for ei barnegruppe.

    1. Kva aldersgruppe passar aktiviteten for? Grunngi.

    2. Kva skal du gjere?

    3. Korleis skal du gjere det?

    4. Kvifor skal du gjere det?

    5. Kva treng du av utstyr?

  3. Inviter ei barnegruppe til skulen din, eller gjennomfør aktiviteten i praksis. Dokumenter og vurder gjennomføringa av marihøne-aktiviteten.

  4. Nemn ulike måtar å dokumentere praktisk-estetiske aktivitetar på.

  5. Insekt fasinerer barn i barnehagen. Ta utgangspunkt i denne praktisk-estetiske aktiviteten med å lage marihøne, og fortel om korleis du kan gå vidare med arbeid med temaet "marihøne" i anten barnehage eller SFO. Reflekter over det følgjande:

    • Korleis kan du gi barn og unge kunnskap om marihøna?

    • Korleis kan du gi barn og unge erfaringar med å gi omsorg og ta vare på omgivnadene og naturen?

    • Korleis kan du stimulere undringa til barn og unge og evna deira til å stille spørsmål, søkje opplevingar, ta initiativ og meistre nye ting?

    • Kva kan du gjere for at barn og unge får oppleve og utforske naturen og mangfaldet til naturen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Aktivitetar