Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Livsmeistring

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere med på å fremje god fysisk og psykisk helse hos barn og unge. RVTS sør har utarbeidd eit undervisningsopplegg som dei har kalla LINK. I utgangspunktet er det laga til bruk i skulen, men det eignar seg òg til bruk i barnehagen.
Barn leiker klappeleik inne i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Aktivitetar som fremjar helse

Du skal arrangere ein dag som fremjar ei god heilskapleg helse for barnegruppa. Dagen skal innehalde samlingsstund og aktivitetar for ei gruppe barn anten i barnehage, skule/SFO eller ungdommar. Du vel sjølv alder.

  1. Gå inn på nettsida til LINK (ho ligg som relatert innhald), og vel tema som du skal ha fokus på denne dagen. Du vel eitt eller to tema innanfor eit av desse tre områda frå LINK:

    • Følelsesskolen (glede, skam, sinne ...)

    • Jeg og de andre (konflikt, medkjensle, mot ...)

    • På godt og vondt (framleis leiken, einsemd ...)

    Grunngi val av tema.

  2. Lag ein dagsplan.

  3. Planlegg samlingsstund og aktivitetar. Vel innhald, arbeidsmåtar og mål. Bruk gjerne planleggingsverktøyet i relatert innhald.

  4. Gjennomfør heile eller delar av dagsplanen for ei gruppe medelevar eller ei barnegruppe.

  5. Vurder gjennomføringa. Kva gjekk bra og kva gjekk ikkje så bra? Forklar kvifor.

Oppgåve 2. Refleksjon

  1. Dersom du skulle ha laga dette opplegget i praksis: Korleis tek du vare på medverknaden til barn i planleggings-, gjennomførings- og vurderingsprosessen i slike aktivitetar?

  2. Kvifor kan eit slikt opplegg fremje heilskapleg helse? Forklar og grunngi.

  3. Korleis vil du gå fram for å finne ut kva for nokre av dei ulike temaa som eignar seg for barnegruppa di? Kva må du tenkje på når du skal vurdere om dei ulike temaa eignar seg for den barnegruppa du jobbar med?

  4. Nokre av temaa som vi vel å jobbe med, kan vere tema det er vanskeleg å snakke om. Kvifor er det viktig å snakke om vanskelege tema med barn og unge?

  5. Kva skal til for at slike dagar gir barn og unge ei oppleving av tilhøyrsel til fellesskapen? Gi døme og grunngi svaret ditt.

  6. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar rettleie, hjelpe og støtte barn og unge til å ta vare på eiga helse?

  7. Kvifor er det viktig at barn og unge utviklar eigen kompetanse i å ta vare på eiga helse?

  8. Kva tenkjer du om følgjande utsegn: "Det finst ikkje vanskelege barn, men det finst barn som har det vanskeleg"?

  9. Kva vil du gjere for å bidra til at barn og unge blir motiverte til å delta på ein slik dag?

Relatert innhald

I dette skjemaet kan du planleggje og vurdere aktivitetar som du kan gjennomføre.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Aktivitetar