Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mattemagi

Vi treng kunnskap om matematiske tema eller kategoriar for å kunne leggje til rette for matematikk i kvardagen. Vi må setje ord på og beskrive dei matematiske uttrykka og erfaringane til barna for å hjelpe og støtte dei i den matematiske forståinga si. Her får de øve dykk på dette.
Ein grøn kube, ei raud kjegle, ein blå sylinder og ei sølvfarga kule. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Matematiske tema

Vi skal leggje til rette for at barn og unge møter matematikk gjennom leik og aktivitetar, og at dei kan oppleve matematikk i ei rekkje ulike samanhengar i kvardagen. Vi bør byggje på interessene til barna og dei erfaringane dei har.

For at vi skal kunne setje ord på og beskrive den matematikken barna uttrykkjer, og leggje til rette for matematiske erfaringar, må vi kjenne til ulike matematiske tema eller kategoriar.

Jobb saman i grupper. Kvar gruppe jobbar med eitt tema (desse finn du nedst i oppgåve 1). Lag ein plakat som viser gruppa si løysinga på oppgåvene.

Del 1

  1. Kva handlar dette temaet om? Beskriv og gi døme.

  2. Korleis kan dette temaet kome til uttrykk i leiken og aktiviteten til barn og unge?

  3. Korleis kan de leggje til rette for å gi barn erfaring med dette temaet innanfor dei ulike aldersgruppene 1 til 3 år, 4 til 6 år og 7 til 10 år?

    Lag ein plakat med forslag til aktivitetar der barn får erfaring med temaet i dei ulike aldersgruppene. Aktivitetane de vel, skal ha vekt på utforsking, undring og problemløysing. Dei matematiske prosessane skal vere hovudsaka, og de skal forklare kva for nokre matematiske forståingar aktiviteten stimulerer.

Del 2

Presenter løysinga til gruppa for resten av klassen ved hjelp av "gallery walk".

  • Gruppa vel ein elev som skal presentere gruppa sin plakat med løysinga.

  • Gruppene fordeler seg på dei ulike postane med plakatar.

  • Eleven som står ved plakaten, presenterer løysinga for dei andre elevane, utan avbrytingar. Når eleven er ferdig med presentasjonen, opnar de for kommentarar og spørsmål frå tilhøyrarane.

  • Gruppene får tildelt tid ved kvar plakat, og læraren gir signal om når gruppene skal gå vidare. Gruppene roterer slik at alle får sett presentasjonane til alle dei andre.

Del 3

Oppsummer og reflekter saman i klassen.

  • Korleis kan de bli meir medvitne på matematikken i kvardagen?

  • Korleis kan de leggje til rette for at barn og unge får matematiske erfaringar?

Tema/kategoriar

  • tal, teljing og sortering (talorda, teljing med ein, to eller fleire om gongen, telje oppover/nedover, fleire/færre, minst/mest, likskapar/skilnader, storleikar og tal, rekning)

  • mønster og samanhengar (design og mønster, former, figurar, symmetri)

  • plassering og lokalisering (finne fram, orientere seg i rommet, lokalisering og plassering, bak, framfor, over, under, inni, mellom)

  • mål og vekt (samanlikningar, måleiningar, målesystem, til dømes lengd (lengre/kortare, kilometer, meter, centimeter), volum (meir/mindre, liter, desiliter), areal (større/mindre), tid (time, minutt, sekund), vekt (tyngre/lettare, gram, kilo), fleire/færre, dobbelt, breiare/smalare)

Kvitt paradis måla på grå asfalt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2. Tal, rom og form

Planlegg, gjennomfør, vurder og dokumenter ein eller fleire matematiske aktivitetar med temaet tal, rom og form. Aktiviteten skal stimulere undringa, nysgjerrigheita og motivasjonen til barna ved hjelp av kommunikasjon og samspel.

Jobb saman i ei gruppe. Ta bilete av prosessen (hugs samtykke, sjå informasjon under).

  1. Vel aldersgruppe aktiviteten skal passe for.

  2. Lag ein plan, med innhald, arbeidsmåtar og mål.

  3. Gjennomfør aktiviteten i klassen eller saman med barn.

  4. Vurder prosessen. Bruk bileta de tok undervegs, når de vurderer.

    • Korleis var samarbeidet i gruppa? Kva gjekk bra? Gi døme og grunngi. Kva kan de eventuelt gjere annleis for at det skal bli betre? Gi døme og grunngi.

    • Korleis gjekk gjennomføringa? Kva gjekk bra? Gi døme og grunngi. Kva kan de eventuelt gjere annleis for at det skal bli betre? Gi døme og grunngi.

  5. Lag ei utstilling av prosessen. Lag plakat, biletkollasj eller liknande til ei utstilling i lokala til skulen.

  6. Refleksjon

    • Kva erfaringar fekk de med matematikk i denne oppgåva?

    • Kva har dei vaksne si rolle å seie for matematikklæringa til barn?

    • Kva haldningar, kunnskapar og ferdigheiter treng du for å leggje til rette for at barn får erfaring med matematikk, og for at du skal kunne stimulere den matematiske forståinga til barn og unge?

Samtykke ved bilete

Dersom de tek bilete av barna, treng de gyldig samtykke frå dei føresette på førehand. De kan lese meir om samtykke og samtykkeskjema på datatilsynet.no. Tips: I staden for å ta bilete av barna, kan de ta bilete av det barna lagar.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2021

Læringsressursar

Aktivitetar