Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Praktisk-estetiske erfaringar

I arbeid med barn og unge skal vi kunne planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere praktisk-estetiske aktivitetar. Praktisk-estetiske aktivitetar betyr at barna sjølv er aktive og lærer gjennom å gjere sjølv.
Ein vaksen mann saman med fleire barn. Dei held hendene ved øyra som for å lytte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Praktisk-estetiske aktivitetar

  1. Kva er praktisk-estetiske aktivitetar?

  2. Korleis kan praktisk-estetiske aktivitetar stimulere til utvikling og læring?

  3. Korleis kan vi støtte opp om sanseopplevingane til barn og stimulere nysgjerrigheita deira?

  4. Korleis kan vi gi barn erfaringar med biletkunst, kunsthandverk, musikk, dans og drama?

  5. Korleis kan vi motivere barna til å uttrykkje seg gjennom musikk, dans, drama og anna skapande verksemd og gi dei høve til å utvikle varierte uttrykksformer?

  6. Korleis kan du leggje til rette for utforsking og kreativitet?

  7. Lag ei liste over ulike aktivitetar som gjer det mogleg for barna å vidareutvikle fantasien sin, den kreative tenkinga og skapargleda.

Elevar som målar abstrakte fargekomposisjonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2. Lag din eigen kunst

Bruk materiale du har tilgjengeleg. Utforsk materialet: Kva kan du nytte det til? Korleis kan du nytte det? Kva kan du lage ved hjelp av dette materialet?

Lag ditt eige kunstverk ved hjelp av det materialet du har.

Ta bilete av prosessen.

Lag eit dokument om prosessen der du òg skriv kort kva erfaringar du fekk ved å gjennomføre han.

To små jenter går etter kvarandre mens dei held hendene under armane. Den eine skjer ein grimase og den andre smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3. Planlegg og gjennomfør ein praktisk-estetisk aktivitet

Målet med aktiviteten er at barna skal delta, oppleve og sanse. Sjå filmen Den estetiske erfaringa som inspirasjon.

  • Lag ein plan med oversikt over innhald, arbeidsmåtar og mål.

  • Inviter barn til skulen og gjennomfør aktiviteten saman med dei.

  • Vurder og dokumenter aktiviteten.

Relatert innhald

Når barn deltek i ulike prosessar, får dei erfaringar. Estetiske erfaringar er kroppslege erfaringar vi får gjennom å sanse, kjenne, tenkje og handle.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Aktivitetar