Miljø som inspirerer til leik
Det er dei vaksne i barnehagen, skulen/SFO, bustaden eller klubben som bestemmer tida for leik. Det er de som bestemmer kva rom som skal nyttast, korleis romma skal vere innretta, kvar barn og unge kan leike inne og ute, og kva materiell dei kan nytte. Dei tilsette har stor makt over leikemiljøet til barn og unge.
Derfor er det svært viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar hugsar at leik er viktig, og at du veit korleis du skal leggje til rette for inspirerande og inkluderande leikemiljø.
For å kunne vite korleis du skal leggje til rette leikemiljøa, er det viktig at du observerer barn i leik. Kva liker barna å leike med, kva liker dei å gjere saman, når blir dei kreative, og når opplever du at dei er i eit inkluderande leikemiljø?
Når du har observert kva barna liker å leike med, må du og dei andre tilsette organiserer leikemiljøa (ute og inne), setje av tid og finne inspirerande leikemateriell som fremjar leik på premissane til barn.
Verdiane og kunnskapen vår og haldninga vi har til leiken, viser seg i det miljøet vi tillèt barna å ferdast i. Vi seier då at miljøet kommuniserer tankane våre om leiken sin eigenverdi. På kva måte er det synleg i dei ulike institusjonane at vi prioriterer leiken? Kva trengst for å skape eit inspirerande og inkluderande leikemiljø? Er det samsvar mellom det vi seier vi gjer, og det romma/miljøet faktisk viser?
Uansett om du jobbar i barnehage, skule/SFO, bustad eller klubb, har du som tilsett plikt til å vere med på å utforme miljøa slik at alle barn og unge får moglegheit til å delta i leik. FNs barnekonvensjon er ratifisert i norsk lov, og artikkel 31 i barnekonvensjonen påpeikar nettopp dette at barn må ha full moglegheit til leik. Leik blir anerkjend som ein viktig del av livet til barn og unge.
Leikemiljøet må heile tida vere i endring, fordi leiken er i endring. Du vil fort oppdage at behova og interessene til barna og gruppene forandrar seg. I tillegg utviklar du og kollegaene dine kompetansen dykkar på leik. Derfor er det viktig at vi gjer endringar og tilpassar leikemiljøet til barnegruppa heile tida.
Det finst ingen fasit på korleis leikemiljøet skal vere, her er det berre å prøve seg fram. Kva er det barna i leikegruppe leiker med for tida? Kvar er barna i leikeutviklinga si, og kva vil stimulere barnet til maksimal leik? Det å jobbe med leikemiljøet er ein kontinuerleg prosess, du må heile tida følgje utspela til barn på kva dei liker å leike med.
Du og kollegaene dine må passe på å setje av rikeleg med tid til at barna, på eige initiativ og basert på sine eigne interesser, får skape og utvikle sin eigen leik. Dei må få moglegheit til å fordjupe seg i leiken utan innblanding og avbrot av andre, vaksenstyrte aktivitetar.
Å få nok tid til leik kan vere utfordrande å få til i den organiserte institusjonsverda. Mykje handlar om å gjerne dei tilsette medvitne om at leik er viktig for barn og unge. Den leiken som skjer spontant og fri, gir barn kjensla av lykke og glede.
Fleire forskarar på leik har uttrykt uro for at barnehagar og skular/SFO blir for opptekne av formell læring, og at leiken på premissane til barna kjem i bakarste rekkje. I tillegg påpeikar dei at særleg gutar i skulen treng lengre samanhengande periodar med uforstyrra leik.
Når du kjem ut i praksis, vil du oppdage at bruken av leikemateriell varierer mellom dei ulike institusjonane. Nokre institusjonar nyttar så å seie ingen pengar på innkjøp av leikemateriell, men lagar sjølv leiker av gjenbruks- eller naturmateriell. Andre institusjonar nyttar meir pengar til innkjøp av pedagogisk materiell. Uansett skal du og kollegaene dine strukturere og organisere leikemateriell slik at det inspirerer barna til leik og freistar dei til å ta i bruk ulike typar leikemateriell.
Som tilsette må vi ha pedagogisk fantasi ved at vi finn materiell som barn og unge kan leike lenger og meir intensivt med og få større glede av. Då må vi òg vere klar over kva som er berekraftig. Treng vi å kjøpe inn dyre, flotte plastleiker, eller kan vi ta i bruk natur- eller gjenbruksmateriell? Samtidig skal vi ikkje øydeleggje naturen ved til dømes å bryte av greiner eller hindre bekken i å flyte naturleg.
Utfordringar til deg
- Kva tankar har du om leik?
- Korleis skulle din draumebarnehage/draume-SFO sett ut for å skape eit inspirerande og inkluderande leikemiljø?
- Korleis vil du sørgje for at barna får medverke til eit godt leikemiljø?
Myhre, K. & Jensen, T. (2021, 6. januar). "Wow! Her vil jeg leke!" Barnehageforum. https://www.barnehageforum.no/artikkel.osp?artikkelid=6221
Balci, S. (2016, 20. september). – Barna får for liten tid til lek. https://forskning.no/pedagogiske-fag-barn-og-ungdom-oslomet/barna-far-for-liten-tid-til-lek/396569