Hopp til innhald

Fagstoff

Delta i leiken til barn

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du delta i leiken til barn for å støtte, inspirere og utvide leiken. Når du deltek i leiken, kan du hjelpe barn som ikkje får delta, til å utvikle leikekompetansen sin.
Ein vaksen sit saman med to barn på ein trestokk ute i skogen om våren. Det eine barnet sit framfor den vakse og det andre står på trestammen og strekkjer hendene i vêret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Delta i leiken

Barn vil gjerne at vaksne involverer seg i leiken. Dei roper gjerne "Sjå på meg!", "Sjå kva eg kan!" eller "Vil du smake på sølekaka mi?" Barn ønskjer å bli sett og anerkjende av vaksne, samtidig som dei ønskjer at vaksne involverer seg i leiken.

Når du som vaksen involverer deg i leiken til barn, på premissane til barna, styrkjer du relasjonen til barnet. I tillegg får du ei gyllen moglegheit til å styrkje leikekompetansen til barnet. Det oppstår ein symmetri mellom deg som vaksen og barnet som er annleis enn i kvardagen elles. Barnet kan styre samspelet ut frå sine spontane, leikande innspel og på den måten oppleve eigen vilje til både å bestemme og til å uttrykkje tankar, fantasi og kjensler. Samtidig erfarer barnet at den vaksne tilpassar seg og har respekt for intensjonane hans eller hennar.

For å delta i leiken på ein god måte må du ha ei leikande innstilling og tore å setje deg sjølv på spel. Då har du moglegheit til å gjere leiken betre med fantasien og leikenheita di. Humor og opplevingar av delt glede styrkjer relasjonen til barna, aukar trivselen til barna og utviklar leikekompetansen deira. Ved å delta saman med barna får du øve deg på og lære meir om korleis du kan delta i leiken.

Det er ulike måtar å delta i leiken på. Du kan svare på leikeinvitasjonane til barna og delta som medleikar, eller sjølv invitere og leie leiken med barna.

Medleikar

Når du vel å delta i leiken til barn, kan du vere ein medleikar ved å delta som ein likeverdig leikepartnar på same vilkår som barna. Du tek då ei meir underordna rolle og følgjer initiativet til barna. Når den vaksne er med og leiker med barnet, får barnet erfaringar det treng for å bli ein som nettopp klarer å leike.

Tenk deg følgjande situasjon. Du sit og leiker med dokkene saman med to barn. Det eine barnet peiker på dokkevogna som står ute, og seier "Sjå på dokkevognene". Du svarer "Å, ja, skal vi ta med teppe og leggje dokkene i vogna?" Då har du teke innspelet til barnet og kome med eit forslag til leiken vidare. Her blir du ein likeverdig leikekamerat, ein medleikar som òg kjem med forslag i leiken.

Forsking viser at når ein vaksen er med i leiken, får barna moglegheita til å halde fast ved eit leiketema lenger. Vi kan hjelpe barn å dykke ned i eit tema og utdjupe det.

Å leie leiken

Du kan starte opp ein leik ved å gi nye impulsar, inspirere og bidra til variasjonar i leiken. Du kan introdusere element av rolleleik for eitt- og toåringen gjennom "late som om". Hos eldre barn kan du introdusere nye leikar eller fellesleikar som kan inkludere fleire barn. Ved å innføre nye omgrep eller variantar av det temaet barna leiker, kan du leie leiken vidare. Du kan sørgje for at barna har det materiellet dei treng for å leike eller for å utvide og fordjupe leiken sin. Du kan innreie rommet slik at det inspirerer til leik. Du kan leike ved sida av barnet, parallelleik, som er ein måte å inspirere og utvikle leiken til barn på. Då observerer barna deg og kan imitere handlingane dine og ta det inn i leikeverda si.

Eit døme kan vere frå ein skogstur. Du set deg ned og byrjar å samle kongler og pinnar. Nokre barn kjem bort til deg og spør kva du gjer. Du svarer at du har lyst til å lage fantasidyr, og du byrjar å lage dyr. Barna blir ivrige og set i gang på eige initiativ. Nokre barn sit ved sida av deg og imiterer det du gjer. Fleire barn kjem til, og dei kjem med forslag til andre ting ein kan lage.

Når dei vaksne har leidd i gang leiken, kan det nokre gonger vere fint å trekkje seg ut av leiken og la barna leike vidare. Då er det viktig at du trekkjer deg ut på ein klok måte, slik at leiken held fram utan deg. Her må du nytte fantasien din.

To ungdommr klatrer i eit tre mens ein vaksen sit på ein benk og ser på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjelpe barn

Det er dei vaksne som har ansvaret for at alle barn får moglegheit til å leike. Nokre barn har behov for hjelp og støtte frå deg som vaksen for å bli inkluderte i leiken. Det er i situasjonen her og no den vaksne kan bidra. Du må observere og vurdere situasjonen slik at du støttar barnet samtidig som du ikkje avbryt eller styrer leiken til andre barn. Ved å delta i leiken har du moglegheit til å hjelpe barn som ikkje får vere med. Nokre barn kan trenge hjelp til å tolke signal frå andre deltakarar i leiken, forstå kva som skjer, og få oversikt over leiken. Andre barn kan trenge hjelp ved at den vaksne kommuniserer tankane, meiningane, ønska og intensjonane til barnet slik at det blir ein aktiv deltakar i leiken. Saman med ein vaksen kan barnet få erfaringar som bidreg til at det styrkjer leikekompetansen sin.

Rollemodell

Barn ser kva du gjer, og når du deltek i leiken saman med barna, kan du vise moglege handlingsmønster i ulike leikesituasjonar. Du kan til dømes vise barn korleis dei ber om innpass i ein leik, tek tur, forhandlar om roller og handterer konfliktar på føremålstenlege måtar. Vis korleis barna kan inngå avtalar om å bestemme litt kvar i leiken, eller korleis dei deler leiker, og vis inkluderande åtferd.

Du kan òg hjelpe barn med å setje ord på dei indre prosessane forut for det han eller ho gjer, slik at tolkinga og vurderinga av situasjonen kjem fram og blir tydeleg for barna. Ver ein snakkande modell der du lèt barna ta del i tankane og resonnementa dine. Barna kan lære av modellen og prøve ut ulike måtar å opptre på. Gi uttrykk for at du ser barna når dei meistrar ulike sosiale ferdigheiter i leiken. Ved å kommentere og synleggjere den positive samhandlinga mellom barna forsterkar du ho. På den måten kan barna naturleg bli modellar for kvarandre. Slik kan barn og vaksne saman prøve ut, byggje og etablere strukturar som kan verke på sikt.

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du er grunnen til at nokre barn fell utanfor leiken, og korleis vil du møte slike situasjonar?
  2. Kva utfordringar tenkjer du at du sjølv kan få med å vere ein leikande vaksen?
  3. Kva minne har du frå din eigen barndom der vaksne var med i leiken? Korleis opplevde du det?

Kjelder

Öhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk forum.

Öhman, M. (2020, 30. oktober). Hva gjør du når barna leker? https://www.barnehageforum.no/artikkel.osp?artikkelid=6178

Utdanningsdirektoratet. (2018, 8. mars). Barns trivsel – voksnes ansvar. 7: Barns samspill i lek. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/trivselsveileder/7-barns-samspill-og-lek/

Utdanningsnytt.no. (2018, 15. mars). Våg å leke med barna. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel/vag-a-leke-med-barna/120368

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020

Læringsressursar

Ulike typar leik og varierte leikemiljø