Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis leggje til rette for eit godt leikemiljø?

Det er dei vaksne i barnehagen, skulen, SFO eller klubben som bestemmer tida for leik. Dei har òg stor makt over leikemiljøet til barn og unge. Derfor er det svært viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar veit kvifor leik er viktig, og korleis du skal leggje til rette for inspirerande leikemiljø.
Ein gut leiker med ein kulebane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring

Du er tilsett som barne- og ungdomsarbeidar, og på arbeidsplassen din jobbar de med å skape eit inspirerande og inkluderande leikemiljø, både ute og inne. Heile personalet er oppteke av å leggje til rette for varierte leikeformer der barna kan få gode og minnerike opplevingar saman. Leikemiljøet skal vere tilpassa både det enkelte barnet og grupper av barn. Personalet er klar over at samspel mellom vaksne og barn er vesentleg for å skape gode leikeopplevingar.

Barnegruppa som du har ansvar for, består av seks gutar. Gutegruppa er svært aktiv og liker fart, spenning og utfordringar.

Ein gut liker å leie an i leiken, og dersom han ikkje får det heilt slik han ønskjer, kan han bli svært frustrert og fortvila. Ein annan gut er ein omgjengeleg gut, og personalet ser at han ofte får dei andre barna med seg. Ein annan gut har nettopp kome til Noreg og er ukjend med både språket og måtane å leike på. Han blir derfor ofte sitjande åleine og sjå på leiken, og han tek lite kontakt med dei andre barna.

Oppgåve

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du bidra til å skape eit godt og inkluderande leikemiljø for barna på arbeidsplassen din. Korleis vil du gjere det med utgangspunkt i situasjonsskildringa over?

  1. Kva du vil gjere?
  2. Korleis du vil gjere det?
  3. Grunngi svara dine i oppgåve 1 og 2.

I svaret ditt skal du vise fagleg forståing, grunngi vala dine og nytte dine eigne ord. Du vel sjølv arbeidsstad og alder på barna.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2021

Læringsressursar

Ulike typar leik og varierte leikemiljø