Hopp til innhald
Fagartikkel

Nærverande vaksne i leiken til barn

Ein barne- og ungdomsarbeidar skal i arbeid med barn og unge kunne verne, støtte og utvikle leiken deira. Korleis du ser leiken til barn, har betyding for korleis du stiller deg til han. Derfor er det viktig å forstå at leik er barn sitt eige domene. Barna eig alltid sin eigen leik.

Trygt miljø

For at barn skal tore og få lyst til å leike, treng dei eit trygt miljø som er fritt for stress. Det er vi vaksne som har ansvar for å skape dette trygge miljøet. Barna må oppleve omsorg og kjærleik i kvardagen slik at dei er trygge nok til å utforske verda gjennom leik. Derfor er det viktig at dei vaksne er i nærleiken og tilgjengelege.

Som vaksen i leiken til barn må du vere open for alt som kan skje gjennom spontaniteten som rår. Det er ansvaret ditt å observere og følgje med og gripe inn, engasjere deg og rettleie ved behov.

Verne om leiken

Jobben vår er å verne om leiken ved å verne han mot eventuelle truslar som for lita tid, for liten plass eller for store barnegrupper.

Vi må organisere innhaldet i kvardagen slik at det er tid og rom til at barna kan organisere sin eigen leik. Vi må hugse at leiken er viktig for leiken si eiga skuld, ikkje som eit middel for å oppnå noko anna. Som vaksne skal vi skape varierte leikemiljø som kan bidra til å styrke leiken. I tillegg må vi gi kvart enkelt barn støtte til å utvikle leiken og fremme leikestyrken til barnet. Målet er å la barn leike lenger, auke intensiteten i leiken og fremme glede og humor.

Nærverande vaksne

Når barn leiker, treng dei vaksne som er til stades der dei er, og som er merksame. Du treng ikkje nødvendigvis å leike saman med dei, men observere og følge med på kva som skjer, og dermed kunne gripe inn og hjelpe til ved behov. Då har du moglegheit til å støtte leiken dersom du ser at det oppstår problem, eller du kan gå inn å stimulere leiken slik at han blir teke til eit nytt nivå. På den måten kan du òg klare å snu eit dårleg fungerande samspel til eit samspel som gir grobotn for sosial utvikling og sosialisering.

Når du er nærverande til leiken til barn, får du moglegheit til å observere og lytte til kva som blir sagt, kva dei leiker, kva dei utforskar og fantaserer om, kva hjelpemiddel dei nyttar, og kva tema dei leiker rundt. Du legg merke til kva omgrep dei nyttar, og korleis dei er saman når dei leiker. Du får dermed eit godt innblikk i kva barna er opptekne av, og kva erfaringar dei gjer i leiken.

Ut frå det du observerer, kan du vurdere om det er behov for å verne eller fremme leiken. Spørsmål du kan stille deg, er til dømes:

  • Treng barna å få vere i fred med leiken sin?
  • Er det behov for at du vernar dei leikande og leiken?
  • Treng dei ei eller anna form for innblanding eller støtte for å komme vidare?
  • Er det behov for at du stimulerer leiken slik at han blir teke til eit nytt nivå?
  • Korleis kan du inspirere og vidareutvikle leiken?
  • Viss du må gripe inn, skal det skje direkte eller etterpå?
  • Kan du invitere deg sjølv inn i leiken, og i så fall korleis?

Det er her du må vurdere kva som er best å gjere, og korleis du skal gjere det, med utgangspunkt i at barna eig leiken sin sjølv. For å få til dette på ein god måte må den vaksne vere nær, lydhøyr og ha eit ope sinn og ein slags leikenheit. Det betyr at du må ha ei medviten og reflektert haldning til kva leik er, og kva leik betyr for barn.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du skape eit trygt leikemiljø?
  2. Kva kan du bidra med i leiken til barn og unge?
  3. Kvifor er nærvær viktig for å kunne ta vare på og fremme leiken til barn?

Kjelder

Öhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk forum.

Öhman, M. (2020). Hva gjør du når barna leker? https://www.barnehageforum.no/artikkel.asp?artikkelid=6178

Utdanningsnytt. (2018, 15. mars). Våg å leke med barna. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel/vag-a-leke-med-barna/120368