Inspirere til leik
Å spørje barna kva dei vil leike, og kva dei treng til leiken, er første skritt i å hjelpe og inspirer barn til leik. Når du veit kva barna vil leike, kan du hjelpe til med å finne fram det utstyret dei treng i leiken, og kanskje gi nye idéar til kva dei kan nytte.
Du skal inspirere til leik. Det kan du gjere ved å tilby variert og inspirerande leikemateriell og ulike leiketøy. Du kan òg gi dei felles opplevingar som kan bidra til at dei blir nysgjerrige og ønsker å nytte det som tema for leiken. Slike opplevingar kan til dømes vere å
- dra på teater eller sjå ei framsyning ein annan stad (Kanskje ein skule i nærleiken gjerne vil ha publikum til ei skuleframsyning?)
- sjå ein film eller eit TV-program
- prøve eit dataspel
- dra på konsert
- besøke ulike arbeidsplassar
- nytte forteljingar, historier og eventyr
- dramatisere noko saman
- lese bøker og snakke saman om det de les
Slik kan du bringe inn nye tema som kan gjere barna nysgjerrige. På den måten gir du barna impulsar til fleire leiketema.
For å utvide leiken kan du òg hjelpe til slik at barna får nye erfaringar om det dei leiker. Viss barna til dømes leiker butikk, kan du ta med barna på ein studietur til nærbutikken. La dei få prate med den som sit i kassa. Kva gjer dei? Korleis ser det ut bak dørene bakarst i butikken? Vidare kan du kanskje ta dei med på ulike typar butikkar, som skobutikk, klesbutikk og interiørbutikk, og sjå kva som går føre seg der. Du kan finne fram bøker, songar og forteljingar som handlar om temaet. Kanskje kan du tilføre leiken nytt materiell viss du finn eit gammalt kassaapparat eller skanningsutstyr. Du kan òg inspirere og hjelpe barna med å lage ulike ting som dei kan nytte i leiken.
Fleksible leiker og fleksible leikemiljø
Å skape inspirerande leikemiljø der barn har moglegheit til å forfølge idéane sine, er ei av oppgåvene dine som barne- og ungdomsarbeidar. Eit inspirerande leikemiljø er der både romma og tilgjengeleg materiell er fleksibelt. Det vil seie at barna ikkje har ei fast oppskrift eller fasit på korleis dei skal nytte det. Det er materiell som kan nyttast overalt og kombinerast med anna materiell, og som dermed gir moglegheiter til å leike på mange ulike måtar. Det gir barna utfordringar samtidig som dei må vere litt kreative og tenke nytt, åleine eller saman med andre. Fleksibelt materiell kan både vere naturmateriell og leiker kjøpte på butikken. Gjenbruksmateriell er ofte godt og fleksibelt materiell som med fordel kan nyttast i leik.
Det er viktig at dei vaksne tullar og tøyser litt saman med barna i leiken. Latter, humor og glede skaper og fremmar ein god relasjon mellom vaksne og barn, og det kan òg gi barna kjenslemessige overraskingar. Slike kjenslemessige overraskingar kan vere med å bygge opp gjensidig empati mellom barn og vaksne. Når barn og vaksne har det morosamt saman, set dei pris på selskapet med kvarandre. Det kan vere med på å auke den positive sosialiseringa og dei mellommenneskelege relasjonane for barna. Når den vaksne er med og leiker med barnet, får barnet erfaringa det treng for å bli ein som nettopp klarer å leike.
Utfordringar til deg
- Korleis kan du inspirere til leiken til barn?
- Kva for materiell tenker du er fleksibelt og kan nyttast på mange måtar i leik?
- Korleis kan du bruke humor saman med barna i leik?
Öhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk forum.
Öhman, M. (2020). Hva gjør du når barna leker? https://www.barnehageforum.no/artikkel.osp?artikkelid=6178
Utdanningsnytt.no. (2018, 15. mars). Våg å leke med barna. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel/vag-a-leke-med-barna/120368