Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vere ein leikeklok vaksen

Noko av det aller viktigaste i eit godt barneliv er å få fordjupe seg i leik. Av den grunnen treng barn og unge å vere omgitte av leikekloke vaksne. Kva inneber det? Lag ein podkast der de utforskar dette.
To barn står på kvar si side av eit hjørne. Dei har ein bokstelefon, to blikkboksar med et tau mellom seg. Guten snakkar inn i den eine boksen, og jenta held sin boks mot øyret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vaksne i barnehagar, skular, SFO, bustader og klubbar må forstå kor viktig det er at dei støttar leiken med nærværet sitt. Leik er livet til barn. Då treng du og dei andre tilsette gode haldningar og kunnskap om korleis de kan oppmuntre til og fremje leik. I tillegg treng de tips og idéar til korleis de kan skape eit spennande leikemiljø, både inne og ute, og kva materiell som fengjer til leik.

Oppgåve

Gå saman i grupper på to–tre elevar. Temaet for oppgåva er leikekloke vaksne, og de skal lage ein podkast der de utforskar problemstillinga "Kva er ein leikeklok vaksen?"

Viss de ikkje har laga podkast før, kan de lese om det i artikkelen "Lag din eigen podkast" som ligg som relatert innhald på denne sida.

  1. Planlegging av rammene rundt produksjonen.
    1. Bestem dykk for om det skal vere ein historieforteljande podkast eller ein panelpodkast.
    2. Bli samde om kven som skal ta opptak og kva programvare de vil nytte. I den relaterte artikkelen om å lage din eigen podkast finn de forslag til programvare de kan bruke. Eit anna program som er greitt å bruke, er Anchor. Du finn dette òg som relatert innhald.
  2. Planlegging av innhaldet.

    1. Lag ei enkel skisse over kva podkasten skal handle om.
    2. Finn ut kva som ligg i omgrepet leikeklok vaksen. Kva er ein god, leikeklok vaksen for eit barn?
    3. Kva er bakgrunnen for at vi treng leikekloke vaksne? Kva bør dei vaksne gjere for å skape gode leikemiljø?
    4. Kontakt anten ein barnehage, skule/SFO eller klubb i nærleiken av deg, og be om å få intervjue nokon om temaet leikekloke vaksne.
    5. Kva seier lovverket i den institusjonen du har valt, om ansvaret til dei tilsette for å leggje til rette for leik?
    6. Kva resultat kan kome av leikekloke vaksne?
    7. Korleis skal de bli leikekloke vaksne?
    8. Ekstra tips: Veldig gøy om de får fram personlege refleksjonar om temaet. Tenk tilbake på barndommen din. Kva minne har du om at vaksne var med i leik eller la til rette for leiken?
  3. Lag podkasten. Rediger slik at han blir heilt ferdig, og spel den gjerne av for resten av klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020

Læringsressursar

Ulike typar leik og varierte leikemiljø