Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Barn som ikkje leiker

Det kan vere mange grunnar til at barn ikkje blir med i leiken. Uansett er det ansvaret ditt å få barn og unge med i leiken på ein positiv og utviklande måte. Det er derfor viktig at du tenkjer godt igjennom ulike situasjonar, slik at du kan førebu deg på kva du skal gjere.
Ein liten gut kryp saman og kikar fram bak eit hjørne. Han ser på at dei andre barna leiker i ein barnehage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case 1

Du jobbar ved Toppen Barnehage eller på SFO. I barnegruppa di har du Igor. Igor kom til Noreg saman med foreldra sine frå eit austeuropeisk land for tre år side. Tom og Erik leiker butikk ute på leikeplassen. Det er høg stemning og fleire barn blir med i butikkleiken. Du ser at Igor står og ser på dei andre som er med i butikkleiken. Blikket og kroppsspråket signaliserer at han veldig gjerne vil vere med i leiken.

Av erfaring veit du at han anten kjem til å gå inn i leiken på ein måte som dei andre opplever som øydeleggjande, eller så vil han ikkje gå inn i leiken i det heile.

Case 2

Du jobbar ved Toppen Barnehage eller på SFO. I barnegruppa di har du Trine. Du har observert Trine over tid og lagt merke til at ho styrer mykje i leiken med andre barn. Ho vil helst bestemme alt som skal skje. Ein dag blir du oppringt av mora til Trine. Ho fortel at Trine ofte er lei seg når ho kjem heim frå barnehagen, og at Trine seier at "ingen vil leike med meg".

Case 3

Du jobbar ved Toppen Barnehage eller på SFO. I barnegruppa di har du Alida. Du ser at Alida stort sett går for seg sjølv. Nokre av kollegaene dine skryter av at ho er flink til å leike åleine, men du tenkjer at det er viktig for Alida å leike med andre.

Alida verkar redd og utrygg saman med andre barn. Dei få gongene du har sett at ho har vorte med andre i leiken, har kroppsspråket signalisert at ho er utrygg. Alida er einebarn og treng å leike for å fremje den sosiale utviklinga si.

Case 4

Du jobbar på Toppen barnehage eller på SFO. I barnegruppa di har du Malin. Malin slit med å kome inn i leiken hos dei andre barna. Ho går bort og seier "Kan eg vere med i leiken?", og får ofte nei til svar. Ho spring då til dei vaksne og seier "Dei lèt meg ikkje få vere med i leiken". Malin får ikkje heilt til dette med å invitere seg sjølv inn i leiken.

Oppgåver

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du bidra med å leggje til rette leikesituasjonar slik at barn blir inkluderte positivt inn i leiken. Vel ein eller fleire av casane og forklar:

  1. Kva du vil gjere?
  2. Korleis du vil gjere det?
  3. Grunngi svara dine i spørsmål 1 og 2.

I svaret ditt skal du vise fagleg forståing, grunngi vala dine og nytte eigne ord. Du vel sjølv arbeidsstad og alder på barna.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2021

Læringsressursar

Ulike typar leik og varierte leikemiljø