Hopp til innhald
Oppgåve

Utforsk leikeplassen

Leik er først og fremst noko barn opplever som morosamt og gledefylt – noko dei har lyst til av eigen fri vilje. Vi veit at leik gir erfaringar og stimulerer til allsidig utvikling. Leikeplassen kan gi mykje glede og nye utfordringar. I denne oppgåva skal du undersøkje leikeplassar i nærmiljøet.

Del 1. Utforsk leikeplassen

Besøk ein eller fleire leikeplassar i nærmiljøet ditt. Jobb gjerne saman med medelevar.

  1. Kva utviklingsområde blir stimulerte gjennom leiken til barn på denne leikeplassen? Ver konkret og gi døme på dei ulike leikeapparata/områda og knytt dei til det eller dei utviklingsområda dette stimulerer.

  2. Kva utfordringar kan barn møte på leikeplassen?

  3. Kva tenkjer de er spennande på denne leikeplassen?

  4. Er det noko her som kan pirre nysgjerrigheita og utforskartrongen til barn?

  5. Barn liker å lage seg små rom der dei kan leike og utforske. Finst det slike rom her?

  6. Korleis kan du som vaksen stimulere til leik og aktivitet på denne leikeplassen? Ver konkret og gi døme.

  7. Korleis vil du leggje til rette for leik og aktivitetar for barn i ulike aldersgrupper (1–3 år, 4–6 år, 7–10 år) på denne leikeplassen?

  8. Finn eit lite område der de lagar eit spennande fantasirom på leikeplassen. Bruk naturmateriale på området til å utforme rommet. Beskriv kva de har laga, for medelevane.

Del 2. Sikkerheit på leikeplassen

Det blir stilt strenge krav til sikkerheit på leikeplassar. Utstyret må tole stor belasting og hyppig bruk, og det må kunne bli nytta av barna utan tilsyn frå vaksne.

Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr

Styresmaktene har utarbeidd ei eiga forskrift om sikkerheit ved leikeplassutstyr. Her står det mellom anna:

  • Vaksne skal ha tilgang til alle naudsynte stader med tanke på å nå eller hjelpe barn som kan vere i vanskar.

  • Underlag og/eller flater som er til å gå på eller som skal bere vekta av personar, må vere konstruerte slik at sikkerheita er vareteken.

  • Utstyr eller delar av metall som kan utgjere ein risiko for frostskadar, skal vere behandla eller dekte av materiale som isolerer mot kulde, slik at frostskadar blir unngåtte.

  • Alle delar, tilgjengelege for brukar eller tredjepart, skal ha tilstrekkelege avrunda kantar og hjørne for å hindre skade.

  • Leikeplassutstyr som ein kan forvente at vil bli nytta av barn under 3 år, skal vere fritt for lause smådelar.

  • Opningar og avstandar, som barn har tilgang til, skal ha ei slik utforming at dei ikkje utgjer fare for fastklemming.

  • Leikeplassutstyr skal ikkje gi frå seg helseskadelege kjemikaliar eller gassar. Det er forbode å nytte trevirke som er impregnert med kreosot, kjemiske samband av krom eller arsen.

  • Viss fallhøgda frå leikeplassutstyret er over 60 centimeter, må fallunderlaget vere støytdempande. Det skal aldri vere betong, stein eller asfalt under leikeplassutstyr som barn kan falle ned frå.

  1. Utforsk leikeområdet og leikeapparata – kva tankar får du om sikkerheita?

  2. Bruk lista over frå forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr og sjekk om leikeplassen innfrir dei ulike krava til sikkerheit.

  3. Utforsk området leikeplassen ligg ved. Kva tryggingsomsyn må du ta viss du tek med ei gruppe barn hit?

Kjelde

Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr. (1999). Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr (FOR-1996-07-19-703). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/1996-07-19-703