Forklaringsartikkel
Zigbee

Trådlause smarthusløysingar kan fjernstyrast frå mobil. Bilete / CC BY 4.0
ZigBee er ein open standard som kan brukast fritt av alle som produserer smarthusløysingar. Det er ein type maskenettverk som køyrer på 2,4 GHz – altså same frekvens som mange wifi-nettverk.
Med trådlause nettverk er hovudregelen at høgare frekvens gir moglegheit for å overføre større datamengder, men også kortare rekkjevidd. Dette gjer at avstanden frå ruteren til utstyret ikkje bør vere meir enn 10–30 meter, avhengig av forstyrringar og bygningskonstruksjon. I ZigBee-nettverk kan du kople saman eit uavgrensa tal einingar.
Av kjende leverandørar som bruker protokollen, kan vi nemne Philips Hue, Apple, IKEA, Google, ELKO og Amazon. ZigBee bruker dessutan veldig lite energi og gir batteridrive utstyr lang levetid.