Forklaringsartikkel
Einpola brytar

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Ein einpola brytar bryt berre ein av dei to straumførande leiarane i ein elektrisk krets.
Denne typen brytar er framleis den mest brukte i ein vanleg husinstallasjon. Han kan brukast overalt der du skal styre eitt eller fleire lys frå éin brytar. Men han kan ikke brukast til å slå av/på utelys eller lys på våtrom.
Du kan kjenne att brytaren ved at talet 1 er prega inn på baksida av han.