Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Veggboks

Ein veggboks er ein sentral del av ein skjult installasjon. Veggboksen er den eininga der stikkontaktar, brytarar og anna utstyr blir montert. Veggboksen er utstyrt med metallbeslag for festing på standarar i tre (loddrette bjelkar som står inni veggen med 60 cm mellomrom).

Denne veggboksen har seks løp (inngangar/utgangar). Desse kan takast av og eventuelt bytast med blindlok. Det er òg fullt mogleg å byggje saman fleire boksar for eit brytartablå eller ein serie med stikkontaktar der TV-en skal stå.

Veggboksane kjem i ulike storleikar og fasongar for å dekkje alle behov, og det finst òg ulike typar multiboksar. Boksane er konstruerte for å bli bygde inn i gipsplater og panel. Til dette kan det ofte vere behov for å fôre ut boksane.

Skrive av Steinar Olsen og Dag Olav Lereim.
Sist oppdatert 02.10.2020