Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Stikkontakt

Stikkontaktar finst i mange ulike storleikar og utformingar. Vi skal ikkje her gå inn på alle dei ulike typane, men konsentrere oss om dei som normalt blir brukte i ein husinstallasjon.

Dei aller fleste stikkontaktane du kjem borti, vil sjå ut som den på biletet. Dette er ein dobbel stikkontakt med jording til installasjon på vegg. Det finst òg ein tilsvarande enkel stikkontakt med jording. Og vi har dei same typane utførte til innfelling. Desse stikkontaktane er berekna på maksimum 16 A straum.

Når vi skal plassere stikkontaktar, må vi først diskutere med eigaren/brukaren. Stikkontaktane blir plasserte over golvlister eller under taklister når det gjeld open installasjon på vegg.

Skrive av Steinar Olsen.
Sist oppdatert 11.09.2020