Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Sikringsskåp

I byggjeprosessen monterer vi gjerne eit innfelt sikringsskåp etter dagens standard. Dette blir montert i det tekniske rommet i huset rom eller i gangen/bua i mindre bueningar. I leilegheitskompleks står det i nærleiken av føringstraseen til andre bueiningar.

Sikringsskåpet er ofte kvitt og står gjerne ved eit teknisk skåp for fiberkablar, datanettverk, multimedia osv.

Her må vi planleggje plass til så mange jordfeilautomatar vi treng, éin for kvar kurs. Vi skal òg ha plass til ein hovudbrytar. Dersom det skal stå struammålar i skåpet, må vi òg ta høgd for det. Skåpet inneheld utsparingspunkt for røyra, der dei blir monterte med niplar, som regel i toppen av skåpet. Øvst i skåpet finn vi ei jordingsskjene for terminering av alle jordingskablane.

Sikringsskåpet skal oppfylle krava i EN 61009-1 og NEK 400.

Skrive av Steinar Olsen og Dag Olav Lereim.
Sist oppdatert 10.09.2020