Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel
Video

Open installasjon

Videoen viser korleis ein festar kablar i ein open elektrisk installasjon. Video: Esteban Panza / CC BY-SA 4.0

Ein open elektrisk installasjon blir kalla open fordi ein i slike installasjonar legg elektriske kablar utanpå veggen.

Det er den vanlegaste måten å utføre endringar eller utvidingar i allereie eksisterande elektriske anlegg på, fordi ein til dømes kan fornye eller utvide eit gammalt elektrisk anlegg utan å rive ned tak og veggar.

For å utføre ein fagmessig open elektrisk installasjon trengst det ein del trening for at det skal sjå fint og ryddig ut, og du treng spesiallagd innslagsverktøy og festemateriell.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 26.02.2021