Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

CHAdeMO (charge de move)

Dette er standardladetilkoplinga i Japan, og mange asiatiske elbilar, til dømes Nissan Leaf, har brukt denne standarden òg i Europa.

Ulempa med denne typen kontakt er at han krev eit eige tilkoplingspunkt i bilen (i tillegg til type 2-inngang som alle elbilar har for å lade på vekselspenning heime), og at han førebels er avgrensa til ein maksimal ladeeffekt på 100 kW.

Mange av dei tidlegaste ladestasjonane i Noreg brukte denne standarden, og det er derfor mange av dei på marknaden, sjølv om dei fleste nye stasjonar i dag blir leverte med CCS-kontaktar.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 28.12.2020