Forklaringsartikkel
Pådragorgan

Membranpumpe er eit døme på eit pådragsorgan. Bilete: Trond Selstø / CC BY-NC-SA 4.0
Eit pådragorgan er det som tilfører noko til ein reguleringsprosess. I ein nivåreguleringsprosess kan dette til dømes vere ei pumpe, og i ein temperaturreguleringsprosess kan det vere ein varmekabel eller ein omn.