Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Regulator

Ein regulator er ein mellomstasjon mellom måleinstrument og reguleringsinstrument. Regulatoren behandlar signal frå måleinstrument (transmitterar) og sender eit omarbeidd utgangssignal til reguleringseiningar, til dømes ein reguleringsventil.

Ein regulator kan programmerast med ei rekkje ulike parametrar. Slik kan vi optimalisere reguleringsprosessar etter korleis vi ønskjer at prosessane skal flyte.

Regulatorar kan anten vere eigne komponentar (som eininga på biletet), eller dei kan vere koda inn i programvara til kontrollsystemet.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 02.10.2020