Forklaringsartikkel
Video
Autotuning
Videoen viser korleis ein autotuningsprosess kan fungere. Video: Trond Selstø / CC BY-SA 4.0
Autotuning er eit verktøy som gjer det enkelt å stille inn ein PID-regulator utan at vi treng å lære oss dei manuelle utrekningsmetodane. Det finst fleire metodar for autotuning.
Før vi kan ta i bruk ein regulator, må han stillast inn slik at han verkar på den prosessen vi skal regulere. Vi har to måtar å gjere dette på: anten ved å rekne ut kva verdiar vi skal legge inn manuelt, eller ved å bruke autotuning.