Forklaringsartikkel
Serievendar

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Denne brytaren skil seg litt frå dei andre ved at han har to brytarar i éin modul. På baksida står tilkoplingane og nummeret på brytaren. Ein serievendar (òg kalla for kronevendar) har talet 5 prega på baksida.
Denne typen brytar blir brukt der vi vil slå av/på to ulike lys eller lysgrupper med éin brytar. Dei to knappane på brytaren verkar uavhengig av kvarandre. Eit vanleg bruksområde er på kjøkkenet, der mange ønskjer å styre lyset over kjøkkenbordet og under overskåpet separat.