Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Sløyfekalibrator

Ein sløyfekalibrator (loop calibrator) er eit vanleg elektrisk handverktøy for automatikarar eller andre som arbeider med styre- og reguleringsprosessar. Det kan lese av eller sende ut målesignal på mellom 0 og 20 mA.

Dette er svært nyttig når du til dømes har behov for å sjekke eller simulere utgangsignal frå ein transmitter (måleomformar), eller om du ønskjer å teste ein reguleringsventil.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 28.04.2021