Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel
Video

Teknisk flytskjema

I denne videoen kan du sjå samanhengen mellom komponentar og symbol i tekniske flytskjema. Du vil òg lære litt om korleis slike skjema blir bygde opp. Video: Trond Selstø, Trond Selstø, Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Eit teknisk flytskjema gir oss ei oversikt over mekaniske og elektriske komponentar i ein prosess. Dette vil vere eit godt hjelpemiddel når vi skal planlegge, montere opp og ferdigstille prosessen.

Komponentane blir merkte etter ein fast standard (ISO 10628-1:2014).

Jo meir innvikla ein prosess er, desto viktigare er det å ha eit godt teknisk flytskjema. Det er òg viktig å merke alt utstyret som er med, godt, slik at det samsvarer med merkinga på skjemaet.

Skrive av Trond Selstø og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 13.03.2023