Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Bussnettverk

Eit bussnettverk er ein type nettverkstopologi, altså ein måte å kople saman nodar i datanettverk på.

Det består av ei hovudlinje, eller busslinje, der alle nodane (einingane på nettverket) kan kople seg på undervegs rett inn på hovudkabelen gjennom eigne tilkoplingspunkt.

Ein fordel med bussnettverk er at du sparer veldig mykje kabel. Du treng ikkje trekkje ein eigen kabel til kvar node heilt frå datasvitsjen. På den andre sida er ei ulempe at dei er sårbare for kabelbrot.

Dette er ein vanleg nettverkstopologi i moderne industrielle anlegg og til dømes i kabla smarthus.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 06.01.2021