Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Einpola brytar

Ein einpola brytar blir typisk brukt til å betene innandørs belysning i rom med såkalla normale forhold. Til til dømes kjøkkenbelysning (minus tak), bad, garasje og utandørs belysning er det derimot tilrådd med brytarar med allpolig brot (vanlegvis topola brytar). Det er overgangsresistansen i rommet til jordpotensialet som eigentleg avgjer dette.

Denne brytaren fungerer slik at han lagar brot på ein av leidningane – altså den eine fasen eller «polen» – som er tilkopla ein eller fleire lamper. Dette bryt straumgjennomgangen gjennom lampa og skrur altså i praksis belysninga av og på.

Merk at det alltid vil vere eit spenningspotensial i lampa på 110 V ved bruk av einpola brytarar (så lenge sikringa er på), og at det derfor er ein risiko for både lekkasjestraum og straumgjennomgang frå utstyr sjølv om brytaren er av.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 26.03.2021