Forklaringsartikkel
Automatsikring

Bilete: ABB / CC BY-NC-SA 4.0
Ei automatsikring blir brukt til å beskytte ein elektrisk installasjon. Det er ein av dei vanlegaste komponentane i eit fordelingsskåp.
Automatsikringa løyser ut ved overstraum, det vil seie viss det går meir straum i kretsen enn det han er berekna på. Ho løyser også ut ved kortslutning.
Automatsikringar finst i ei rekkje utgåver, med forskjellig merkestraum og forskjellige utløysingskarakteristikkar.