Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel
Video

Smarthus

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Det finst i dag ei rekkje variantar og gradar av smarthusløysingar frå ei lang rekkje produsentar. Det dei alle har felles, er ein ambisjon om å kople saman alt eller delar av det du har av elektrisk og elektronisk utstyr i heimen, til eitt felles kontrollsystem.

På denne måten kan til dømes lys, varme, inngangskontroll, stereoanlegg, støvsuging, solskjerming, ventilasjon eller kjøkkenapparat kontrollerast og automatiserast frå ein felles sentral, og fjernstyrast frå eit beteningspanel eller frå mobiltelefonen din.

Her kan det med andre ord vere snakk om alt frå ein enkelt fjernstyrt robotstøvsugar, éin termostat eller eitt stikkontaktuttak til ein varmeomn, til komplette og kompliserte system som koplar saman alt du har av elektrisk utstyr og elektronikk, i éin felles sentral.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 03.03.2021