Forklaringsartikkel
Likestraumsmotor

Likestraumsmotoren som driv pumpa i nivåreguleringsmodellen. Bilete: Trond Selstø / CC BY-NC-SA 4.0
Ein likestraumsmotor er ein elektrisk motor som får spenningsforsyninga si frå eit likestraumssystem. Det kan vere frå anten eit forsyningssystem basert på likestraum, ein omformar eller eit batteri.
Det finst ei rekke småmotorar baserte på låg spenning, slik dømet på biletet viser. Men jernbane, sporvogner og t-banar blir ofte drivne ved likestraumsmotorar forsynte av eigne likestraumsforsyningssystem.