Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Ladestasjon (mode 3)

Ein ladestasjon (mode 3) består anten av ein type 2-kontakt, som ladekabelen kan koplast i, eller av ein fast installert kabel med type 2-plugg.

Fordelen med mode 3 er at løysinga tillèt statisk lastestyring, det vil seie at ladehastigheita kan regulerast automatisk, alt etter kor mykje energi som til kvar tid blir brukt i resten av hushaldet.

Dette er særleg ein fordel for installasjonar med fleire ladepunkt, til dømes på parkeringsplassen til eit større burettslag.

Du treng heller ingen eigen boks for å regulere ladehastigheita på sjølve ladekabelen med mode 3, sidan denne elektronikken er innebygd i sjølve ladestasjonen.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 12.02.2021