Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Forklaringsartikkel

Korrugert røyr (elektrikarrøyr)

Som biletet viser, er K-røyr eit fleksibelt røyr til bruk i skjult installasjon. Denne typen røyr kjem i fleire dimensjonar. Den mest brukte dimensjonen er 16 mm, men 20 mm blir òg brukt ved behov.

Takboksar, veggboksar og niplar er tilpassa desse dimensjonane. Vi legg røyr som vi etterpå skal trekkje PN-kabel gjennom.

Pass på å ikkje få knekk eller for skarpe bøygar på K-røyret når du legg det, då vil du få problem med å trekkje kabel gjennom det etterpå. Det finst òg K-røyr som blir leverte med ferdig trekte leidningar.

Skrive av Steinar Olsen og Dag Olav Lereim.
Sist oppdatert 30.09.2020