Forklaringsartikkel
Z-Wave

Bilete / CC BY-NC-SA 4.0
Z-Wave er ein standard for trådlause smarthussystem. Det skil seg frå opne standardar som ZigBee på fleire område. Det er for det første ikkje ein open standard, sjølv om alle Z-Wave-produkt frå ulike leverandørar skal kunne fungere saman. Z-Wave køyrer òg på lågare frekvens, noko som gir betre rekkjevidd. Til gjengjeld har systemet ei avgrensing på maks 232 einingar. Det held for dei fleste normale private heimar, men kan vere ei utfordring for enkelte nærings- og industribygg.
Dei fleste meiner at Z-Wave er enklare å setje opp og bruke, men det kostar gjerne òg litt meir enn utstyr som bruker ZigBee. Nokre kjende leverandørar som bruker Z-Wave-standarden, er til dømes Fibaro og Namron.