Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Wago-klemmer

Wago er den eine typen koplingsmateriell vi kjem inn på her. Dette er ei såkalla «innstikksklemme». Vi avmantlar kablane/leidningane på vanleg måte og koplar dei saman i denne klemma.

Kvar Wago-klemme utgjer eit felles koplingspunkt. Ho kjem i ulike dimensjonar, både når det gjeld tverrsnitt, og når det gjeld talet på leiarar. Sjekk den påstempla informasjonen før bruk.

Wago-klemmer er praktiske til testing og omkopling.

Skrive av Steinar Olsen, Dag Olav Lereim og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 10.09.2020