Forklaringsartikkel
Vekselvendar og kryssvendar

Bilete: Steinar Olsen / CC BY-SA 4.0
Vekselvendarar og kryssvendarar blir ofte brukte i samanheng. Fordelen med desse brytarane er at ein kan bruke to (vekselvendarar), eventuelt fleire (med kryssvendarar), til å styre eit lys eller ei lysgruppe. Desse brytarane blir ofte brukte i korridorar og i høgblokker. Då kan ein slå på lyset med éin brytar og slå det av med ein annan brytar.
På vekselvendaren er tilkoplingspunkta på brytaren merkte med L på den eine sida og to trekantar (eller piler) på den andre sida. Vekselvendaren er innprega med talet 6 på baksida.
På kryssvendaren er tilkoplingspunkta merkte med to L-ar og to trekantar (eller piler). Kryssvendaren er innprega med talet 7 på baksida.