Forklaringsartikkel
Trekkjefjør

Bilete: Steinar Olsen / CC BY-SA 4.0
Stakefjør/trekkjefjør er det verktøyet vi bruker når vi skal trekkje PN-leidningar i eit ferdiglagt røyrsystem i ein skjult installasjon.
Ein fører fjøra inn i ein ende av røyret (frå boksen) fram til neste punkt, avmantlar og festar PN-leidningane, og drar så dette gjennom røyret.
Dersom dette ikkje går, kan eit alternativ vere å blåse eller bruke ein støvsugar for å få gjennom eit trekkjetau. Dette skjer typisk dersom K-røyret er lagt med for krappe bøygar.