Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Torix-klemmer

Torix er ein type koblingsmateriell til skjulte installasjonar. Dei blir ofte kalla for «vrihylser».

Når du skal bruke desse, avmantlar du kablane/leidningane ca. 1,5 cm, klemmer dei saman, og til slutt vrir du dei saman inne i hylsa.

Klemmene har innvendige gjenge. Når du har skrudd fast leidningane, heng dei derfor fast og blir til eit felles koplingspunkt i installasjonen.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik og Steinar Olsen.
Sist oppdatert 10.09.2020