Forklaringsartikkel
TFXP-kabel

Illustrasjon. TFXP-kabel. Bilete / CC BY-NC-SA 4.0
Ein TFXP-kabel er ein typisk utandørs kraftkabel. Han er anbefalt brukt som inntakskabel fram til første fordeling i bygningar.
Kabelen er dobbeltisolert og kan forleggjast direkte i jord utan ekstra vern. Han toler kulde godt og er derfor godt eigna til norske forhold.