TC-klammer

TC-klammer finst i hovudsak i kvit og svart plast. Det kvite er berekna på innandørs bruk, mens det svarte er syrefast og blir brukt utandørs. Du treng ikkje spesialverktøy for å bruke TC, berre hammar.
TC kjem i mange storleikar og blir brukt til alt av runde kablar og røyr og til små flate kablar, til dømes PR-kablar og signalkablar. Det blir òg brukt til å feste korrugerte røyr i ein skjult installasjon.
Utsjånaden på desse klammene gjer at vi normalt ikkje bruker dei til innandørs installasjonar på synlege stader i bustader. Her finst det unntak, sidan klammene kan vere farga for å passe til til dømes ei lampettleidning.
Kvaliteten varierer, spesielt blant dei store klammene. Her er vekta på materiellet som skal monterast, avgjerande.