Forklaringsartikkel
Tongamperemeter
Med eit tongamperemeter kan du måle straum utan å kople frå leidningane. Bilete: Steinar Olsen / CC BY-SA 4.0
Ved å bruke tongamperemeter kan du enkelt måle straum i ein krins utan å måtte opne krinsen, slik ein gjer i ei vanleg straummåling.
Dette er mogleg sidan "kloa" som vi tek rundt den straumførande leiaren, er ei transformatorkopling som induserer ei målbar spenning i måleapparatet. Apparatet reknar så ut kva slags straum som går i leiaren.