Forklaringsartikkel
Straumføringsevne – Iz

Bilete: KVDP / Offentleg eige
Straumføringsevna – Iz – er kabelen si evne til å leie straum utan at han blir varm og tek skade av overbelastning. Med andre ord er det eit omgrep for kva som er maksimalt akseptabel belastningsstraum for kabelen.
Kva straumføringsevna er, kjem an på materialet i leiaren (gull har best leieevne, men i dei fleste kablar og leidningar er det brukt kopar eller aluminium), tverrsnittet på leiaren, korleis installasjonen er installert, og omgivnadstemperaturen til installasjonen.