Regulering

I elektro og datateknologi bruker vi generelt omgrepet regulering om alle måtar vi kan påverke ein prosess på ved hjelp av automatiske tilbakemeldingar frå ulike type sensorar som hentar inn informasjon frå sjølve prosessen.
Eit enkelt døme på regulering er korleis varmekablar på eit bad held ein jamn temperatur ved hjelp av ein termostat som kontinuerleg regulerer effekten til varmekablane ut frå tilbakemeldingar frå ein temperaturfølar plassert i golvet.
Den temperaturen vi stiller inn på termostaten, kallar vi ønskt verdi eller set-verdi (SV). Temperaturen som temperaturfølaren les av i golvet, kallar vi prosessverdi eller er-verdi (PV).
Termostaten er her regulator og sørger for at ønskt verdi og faktisk verdi kontinuerleg er så lik som mogleg, med minst mogleg svingingar.