Forklaringsartikkel
Membranpumpe

Illustrasjonen viser verkemåten til ei membranpumpe. Bilete: TheresNoTime / CC BY-SA 4.0
Ei membranpumpe – òg kalla diafragmapumpe – verkar ved at ein monterer ein bevegeleg membran som ein skiljevegg mellom to kammer, slik animasjonen over viser. Eit pådrag, til dømes ein elektrisk motor, skaper ei rørsle i membranen frå det eine kammeret til det andre.
Når membranen blir bevega fram og tilbake mellom kammera, blir det skapt repeterande under- og overtrykk, og ved hjelp av slusemekanismar (tilbakeslagsventilar – illustrert som kuler i animasjonen) skaper dette rørsle i væska som ein ønsker å pumpe vidare i eit system.