Forklaringsartikkel
Letti-klammer

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Letti-klammer er ein annan type festemateriell. Det har same bruksområde som APK, men er heilt annleis bygd opp. Også her må vi bruke spesialverktøy. Det blå verktøyet er til 1,5 mm², og det gule er til 2,5 mm².
Framgangsmåte: Legg eller skyv Letti-klammeret inn i verktøyet, set verktøyet rundt eller over kabelen, og slå inn med ein hammar. Her festar kabelen seg i berre éin arbeidsoperasjon. Det står på eska kva slags kabeltjukn Letti passar til.