Forklaringsartikkel
Kryssvendar/endevendar

Baksida av ein endevendar. Bilete: Steinar Olsen / CC BY-SA 4.0
Kryssvendarar og endevendarar blir brukte der vi ønskjer å kunne styre ei lyskjelde med fleire ulike lysbrytarar.
I ein lang gang eller i eit trappehus kan det vere greitt å kunne skru av og på lyset frå fleire ulike stader. Dette kan ordnast ved hjelp av to eller fleire brytarar.
I ein lang gang med dør i kvar ende kan vi bruke to endvendarar. Då kan den elektriske krinsen opnast og lukkast frå begge endar.
Ønskjer vi fleire enn to brytarar, må vi montere kryssvendarar mellom dei to endevendarane. Dette kan til dømes vere aktuelt i eit lengre trappetårn, der ein ønskjer at lyset skal kunne skruast av og på i alle etasjane.