Forklaringsartikkel
IP-grad
Når «sifferet» er gitt med X, er det ikkje teke stilling til vernet (i dette tilfellet mot vatn). Bilete: Steinar Olsen / CC BY-SA 4.0
Kapslingsgraden viser kor godt elektrisk utstyr er verna mot ytre forhold som støv, vatn og liknande. Vi bruker IP-systemet (International Protection).
IP20 er det vernet «vanleg» utstyr har. Dette er då det utstyret du kan nytte i husinstallasjon i normale situasjonar.
I andre område, som i sprutsoner på baderom og utandørs, er risikoen for elektrisk sjokk høgare fordi ein har redusert motstand i kroppen og nærare kontakt med jordpotensialet.
I slike område er kravet til kapsling IPX4. Då er det vanleg å bruke utstyr med IP44. Dette gir vern mot inntrenging av både faste gjenstandar og fukt.
Alle elektriske produkt skal vere merkte. Av IP-merkinga kan ein sjå om produktet er eigna til plassering t.d. på badet eller utandørs.