Hurtigladestasjonar

Overgangen frå bilar som køyrer på fossilt brennstoff, til elektriske bilar krev ein heilt ny infrastruktur langs vegnettet. Per oktober 2020 finst det over 3 000 hurtigladestasjonar i Noreg, men det er ønske og krav om langt fleire. Dette vil medføre mykje arbeid for elektrikarar i åra som kjem.
Hurtigladestasjonar leverer som regel likestraum (DC) til bilane, men enkelte punkt ladar òg med vekselstraum (AC). Ein hurtigladestasjon er som regel kopla til eit 400V TN-nett og består av tre ting:
a) ein likerettar som omformar vekselspenning til likespenning
b) elektronikk som kommuniserer med bilen, og som styrer straumuttaket ut frå informasjon om varmen, ladekapasiteten og straumnivået til batteriet
c) elektronikk som kommuniserer med kunden, straumleverandøren og operatørselskapet til stasjonen