Forklaringsartikkel
Forstillingselement
Ein frekvensomformar kan til dømes vere forstillingselement til eit pådragsorgan. Bilete: Bjørnar Mortensen Vik / CC BY-SA 4.0
Eit forstillingselement regulerer pådragorganet i ein reguleringsprosess.
Det kan til dømes vere ein motorkontrollar som styrer farten til ei pumpe, ein termostat som styrer effekten til varmekablar, eller ein elektrisk, pneumatisk eller hydraulisk ventilstillar i ein reguleringsventil.