Forklaringsartikkel
Fordelingsskjene

Bilete: Magnar Lynglund / CC BY-SA 4.0
Fordelingsskjener blir brukte i staden for leidningar for å kople saman hovudsikringar, overspenningsvern og kurssikringar i fordelingsskåp.
Skjener til lågspentfordelingar er som regel modulbaserte og isolerte. Desse er enkle å jobbe med og gir god tilkopling, og det er enkelt å tilpasse og endre installasjonen seinare.