Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Forklaringsartikkel

Feilstraum/overstraum/kortslutningsstraum

Vi har fleire ulike moglege feilstraumar og overstraumar i eit elektrisk anlegg.

Jordfeilstraum:

IJ: Dette er ein straum som går mellom fase og jordpotensial. Denne vil variere i storleik etter kva for eit fordelingssystem det er, og trafostorleiken i fordelinga til e-verket.

Overbelastningsstraumar:

I1 angir den maksimale overbelastningsstraumen som vernet toler utan å løyse ut.

I2 angir den overbelastningsstraumen der vernet garantert løyser innan 60 minutt.

Kortslutningsstraumar:

I4 angir verdien på den kortslutningsstraumen som løyser ut vernet innan eitt sekund.

I5 angir verdien på den kortslutningsstraumen som gir garantert momentan utløysing.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 29.09.2020